50.000 norske elevar konkurrerer om å lese flest bøker 

Akkurat no er nesten 3000 norske klassar i konsentrert lesemodus. Lesekonkurransen Norli Junior er i full gang! 

Frå 14. september til 11. desember er det om å gjere å lese eller lytte til flest bøker for dei som har meldt seg på i landets største lesekonkurranse for barn på. 1. – 7. trinn. 

Det vankar fine premiar! Nytt i år at beste klasse på kvart trinn får 4.000 kr. Beste klasse i kvart fylke får kvar sin pokal, og alle klassar som les meir enn 800 sider per elev, får medalje. 

– Det var vill jubel i klasserommet då eg fortalte at vi skulle delta i konkurransen i år også, fortel lærar Bodil Verdal i 6. klasse ved Byremo skule i Agder fylke.

Ho synest det er fint at elevane kan delta med å boltre seg i både lesebøker og lydbøker.

– Mange elevar kjenner på meistring i denne konkurransen. Vi er alle på same lag – og alle gjer ein god innsats, seier ho.

I fjor haust deltok 52.000 elevar, og totalt blei det registrert 138 millionar sider. I år deltek rett over 50.000 elevar i nesten 3000 klassar. Men klassar kan framleis melde seg på.