Fem fakta om farsdagen

Søndag er det farsdag, dagen der me gjer litt ekstra stas på fedrene i livet vårt.

0
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Ikkje alle har ein pappa, men du har kanskje ein bestefar eller ein oldefar som fortener litt merksemd denne dagen?

Tips til noko kjekt du kan gjera for pappaen, bestefaren eller oldefaren din er å laga eit kort med ei fin helsing, gi ein god klem eller baka ei kake.

Her er fem ting du kanskje ikkje visste om farsdagen:

  • Feiringa av farsdagen kan sporast heilt tilbake til middelalderen, som var frå 476 – 1453.
  • I land som mellom anna Spania, Portugal og Italia vart farsdagen på den tida feira den 19. mars. Dagen vart kalla St. Josefs dag.
  • I Noreg, Island, Sverige, Finland og Estland blir farsdagen alltid feira den andre søndagen i november.
  • I mellomkrigstida (1918 – 1939 feira Noreg farsdagen i juni. Datoen vart flytta til november, slik at det skulle bli betre avstand mellom farsdagen og morsdagen som blir feira den andre søndagen i februar.
  • På engelsk heiter farsdag father’s day

Kjelde: SNL