Tips til farsdag

På søndag 12. november var det farsdag. Det er ein dag for å heidre fedrene. I Noreg markerar ein alltid denne dagen andre søndag i november.

Om du har ein far så er det mange som markerar denne dagen med å lage eit kort, servere frukost på senga, eller gi han ei gåve. Kanskje er det nok å berre gratulere han og gje han ein klem?

Denne feiringa er i følgje Wikipedia, opprinneleg ein amerikansk tradisjon som kom til Noreg etter andre verdskrigen.

Kva planar har du for å feire din pappa?

Her har du nokre forslag

  • Lag eit kort der du skriv eit dikt
  • Lag ein god frukost
  • Lag ei kake. Eplekake er veldig godt no om hausten.
  • Lag han ei teikning
  • Fortel at du er glad i han
  • Kanskje du kan dekke bordet eller rydde det?

Det er ikkje alle som har ein far, men kanskje du har ein bestefar? Han blir nok minst like glad for eit farsdagskort som nokon andre.