Fram til i år hadde Matilda Meuse eit heilt vanleg tenåringsliv i den vesle forstaden Woburn, utanfor Boston i USA. Ho er glad i å vere ute på tur, lese bøker, lytte til musikk og teikne. Men i år har ho fått livet snudd på hovudet av koronaviruset.
Når Framtida Junior snakkar med henne, ei veke før presidentvalget 3. november, er ho nettopp ferdig med ein dag på skulen.
Det er utruleg at ein kan setje så stor pris på vanleg luft!
– Eg har hatt online undervisning heimefrå, fortel ho. – Vi møter berre opp fysisk eit par dagar i veka.
Når Matilda og klassekameratane er på skulen nyttar dei munnbind. Kvar einaste skuletime, heile dagen.
– Innimellom tek lærarane oss med ut, og plasserer oss med to meter mellom kvar, så vi kan ta av maskene og puste, fortel Matilda.
– Det er utruleg at ein kan setje så stor pris på vanleg luft!
Hardast ramma i verda
Presidenten i landet, Donald Trump, er derimot ikkje så oppteken av å bruke maske.
– Han meiner det ikkje er så farleg med koronaviruset. Eg er ikkje fornøgd med måten han har takla situasjonen på.
På skulen snakkar dei lite om valet.
USA er mellom dei landa i verda som er hardast ramma av koronapandemien. Éin av fem som døyr av viruset på verdsbasis er frå USA. Så langt er det snakk om 212 000 dødsfall, og over 8 millionar som er smitta. Presidenten sjølv har også blitt smitta av viruset, og spreidd det vidare til fleire av dei som jobbar for han.
Løgn
Den dårlege handteringa av pandemien er ein av grunnane til at Matilda ikkje ville ha røysta på Donald Trump, men demokratane sin kandidat Joe Biden, dersom ho var gammal nok til å ha røysterett.
– Joe Biden deler dei fleste av synspunkta mine. Men fyrst og fremst ville eg valgt han fordi eg ikkje likar Trump. Han har fortalt så mange løgner.
Ein gut i klassa sa han syntest muren til Trump var ein god idé.
Eit ubehagelig tema
På skulen snakkar dei lite om valet. Nokre av lærarane støttar Biden, andre Trump, og Matilda seier at emnet er touchy – litt ubehagelig å snakke om.
– Ein gut i klassa sa han syntest muren til Trump var ein god idé. Eg syntest det var hårreisande. Men eg prøver å unngå å bli dregen inn i diskusjonar med dei som har slike meiningar, eg likar ikkje å krangle.
Matilda fortel at ho er både spent og nervøs for kva utfallet av valget vil bli.
– Dess meir eg tenkjer på det, dess reddare vert eg av korleis situasjonen er no.
Vi vert påverka av politikken, men vi har ikkje noko vi skulle ha sagt.
Påverka av politikken
14-åringen synest at det er viktig å røyste, for å kunne vere med å påverke avgjerdene som blir tekne i landet. Ho påpeikar at sjølv om du ikkje røyster, så vert du likevel påverka av resultatet.
– Slik er det for oss som er unge. Vi vert påverka av politikken, men vi har ikkje noko vi skulle ha sagt.
– Korleis har unge blitt påverka av politikken som Donald Trump har ført?
Før eg vert vaksen og kan røyste vil det vere for seint.
– Det mest alvorlege for oss unge er klimaendringane. Trump har ikkje tatt tak i det, han nektar til og med for at det er ei sak i det heile, seier Matilda, og legg til:
– Det er veldig ille at det har gått fire år utan at noko har blitt gjort. Eg høyrde ein forskar seie at viss vi ikkje kuttar utsleppa drastisk innan 2030 så vil det vere umogleg å bremse endringane. Så før eg vert vaksen og kan røyste vil det vere for seint.