Noregs fjell, dalar, øyer og vatn er “unge” i jordkloten si 4500 millionar år lange historie.
Det er fordi det har skjedd veldig mykje i landet vårt dei siste to millionar åra, skriv Ung.Forskning.no.
Landet vårt har blitt dekka av tjukk is fleire gongar, som så har smelta igjen. Mellom 30 og 40 istider har det vore i Noreg. To millionar år er veldig kort tid når ein tenkjer på kor gamal Jorda er. For to millionar år sidan levde allereie dei fyrste menneska i Afrika.
Som ein bulldoser
Då det var istid gravde tjukk is seg gjennom landet vårt. Isen var som ein enorm bulldoser. Isen etterlot seg djupe fjordar og U-forma dalar. Før istida såg nok landskapet i Noreg heilt annleis ut enn det gjer i dag. Forskarane trur kanskje kystlandskapet likna meir på strendene i Danmark. Langt og flatt. Men det er ingen som veit heilt sikkert.