Frå før av finst det fleire studiar som viser at både barn og vaksne lærer meir og hugsar betre når dei skriv for hand. Mellom anna undersøkte ei gruppe forskarar ved NTNU dette i 2017 ved å måle hjerneaktiviteten til 20 studentar ved hjelp av sensorar. Men no har barn for fyrste gong vore med i ein slik studie – og resultata er tydelege:
– Ved å bruke penn og papir vert det skapt meir aktivitet i dei sensomotoriske delane av hjernen vår, noko som gjer det lettare for oss å hugse i etterkant, fortel professor Audrey van der Meer til Forskning.no.
Professoren meiner at både hennar og andre sine studiar viser kor viktig det er at barn i tidleg alder blir utfordra til å teikne og skrive for hand.
Nesten fire timar online kvar dag
Samtidig blir skulane i Noreg meir og meir digitale. Ei europeisk undersøking viser at norske barn er mest på nett av 19 land i EU. Smarttelefonen nyttast mest, tett fulgt av PC og nettbrett.
Undersøkinga viser at norske barn mellom 9 og 16 år brukar nesten fire timar online kvar dag. Det er dobbelt så mange som i 2010.
– Slik utviklinga har vore dei siste åra, risikerer vi at ein eller fleire generasjonar ikkje kan å skrive for hand. Mi og andre si forsking viser at det vil vere svært uheldig, seier professoren.