Nigeria: Omar (13) dømd til 10 års fengsel for blasfemi

Omar Farouq er dømd til ti års fengsel med straffarbeid etter å ha vore skulda for å snakka stygt om Allah i krangel med ein ven.

10. august vart Omar Farouq dømd for blasfemi etter å ha blitt skulda for å snakka stygt om Allah i ein krangel med ein ven, skriv Framtida.no. Blasfemi vil seia å spotta gudar eller religion.

13-åringen sin advokat, Kola Alapinni, skal ikkje ha fått møta klienten sin undervegs i saka.

UNICEF har uttrykt djup uro etter at Omar Farouq vart dømd. Straffa er ti års fengsel med straffarbeid i delstaten Kano, nord i Nigeria.