TikTok er eit sosialt nettverk for videodeling, som nesten 500 millionar menneske brukar. Sjølv om det har 13 års aldersgrense er éin av tre norske tiåringar på TikTok, i følgje ei undersøking gjort av Kantar.
Ein type innhald som er populært i appen er utfordringar. Desse kan vere kjekke og harmlause, men det er ikkje alltid så lett å vurdere sjølv. Dersom ein vil gjennomføre nokon slike bør ein fortelje det til ein vaksen, som kan hjelpe til med å snakke om kva for nokre utfordringar som er for farlege.
Her er ei liste over nokre utfordringar du i alle fall bør styre unna:
- Penny challenge: Å setje ein telefonladar nesten inn i ei stikkontakt, for så å stikke ein mynt inn mellom støpselet og stikkontakta. Dette kan du rett og slett døy av, og fleire har allereie mist livet som følgje av denne utfordringa.
- Bright eye challenge: Å blande saman farlege ingrediensar som bleikemiddel og handsprit og legge det på auget i eit heilt minutt. Føremålet er å forandre fargen på auget, men det verkar ikkje. Det einaste du oppnår er å risikere å miste synet på auget.
- Tide pod-challenge: Å utfordre kvarandre til å bite over ein oppvasktablett. Mange har blitt innlagt på sjukehus med forgiftning.
- Hot water-challenge: Å utfordre nokon til å drikke kokande vatn med sugerør. Dette gir alvorlege brannskader.