- Gepard er eit rovdyr som høyrer til kattefamilien. Geparden held til i Afrika, sør for Sahara, og nordaust i Iran.
 - Ordet «gepard» kjem frå italiensk via fransk, og tyder «kattepanter».
 - Andre stader i verda kan dyret ha namn som engelsk «cheetah», som kjem av hindi «chita» og tyder «den flekkete».
 -  Geparden vert rekna som verdas hurtigaste landlevande pattedyr og kan oppnå ein toppfart på 110-120 km/t over ei kort strekning (250-300 m). 

RASK: Geparden vert rekna som verdas hurtigaste landlevande pattedyr og kan oppnå ein toppfart på 110-120 km/t. Foto: Big Cat Facts – Cheetahs (via Pixabay).  - Geparden er i stand til å akselerere frå 0 til 80 km/t i løpet av tre sprang.
 - Han har ein lang hale som han brukar til å halde balansen og til å styre med i høg fart.
 - Andre kattedyr kan trekkje sine klør heilt inn, men det kan ikkje geparden. Han kan berre trekkje dei halvvegs inn.
 -  Pelsen er gulbrun med mørke prikkar som kan minne om leoparden. Av og til kan vi også sjå gepardar med eit stripe- eller marmorliknande prikkmønster, men desse er meir sjeldan. 

IKKJE MANGE: Ifølgje IUCN er det lite truleg at det er fleire enn 10.000 dyr i verda. Foto: Pixabay  - Geparden lar seg temme, og historisk har den difor vore eit populært kjæledyr for rike og adelege. Ekspertar reknar med at dei fyrste gepardene blei temma for 5 000 år sidan.
 - Ekspertar er ueinige om kor mange gepardar det finst i verda. Ifølgje IUCN er det lite truleg at det er fleire enn 10.000 dyr.
 -  Geparden trivst best der det er open savanne, høgt grad og krattskog. Men han kan også trivast i fjellområde, ørken eller jordbruksland. 

JAKT: Gepardar et helst gasellar, men også til dømes gnukalvar, steinbukkar, fuglar, vortesvin og harar. Foto: Pixabay  - Geparden er mest aktiv på dagtid. Då har den størst sjanse til å unngå konflikt med hyener og løver. Hyener og løver vil nemleg jakte på den same maten som geparden, men dei er mest aktive på kveldstid.
 - Gepardar et berre kjøt. Dei et helst gaseller, men også til dømes gnukalvar, steinbukkar, fuglar, vortesvin og harar.
 
(Kjelde: Wikipedia, Store Norske Leksikon)
			




















