Etter å ha vore landet som sleit mest med denne sjukdomen sidan 2000-talet er Nigeria no heilt fritt for polio, skriv NRK. Det same gjeld Afrika som verdsdel.
Polio er ein sjukdom som særleg rammar barn under fem år, og kan gjere dei som får den lam i ulike kroppsdelar. I verste fall kan ein døy av sjukdomen.
Ein har lukkast i å bli kvitt polio gjennom omfattande vaksinering, på same måte som ein blei kvitt sjukdommen i Noreg for nokre tiår sidan.
No er Pakistan og Afghanistan dei einaste landa som framleis har polio i vill form (det finst også ein variant ein kan få av vaksina). Dersom ein lukkast i å utrydde sjukdommen der også vil polio bli den tredje store infeksjonssjukdomen som vert heilt utrydda over heile jordkloden. Dei andre to utrydda sjukdommane er koppar og kvegpest.