Fakta om lommepengar:
- 62 prosent av barn og unge i alderen 8-19 år får lommepengar.
- 40 prosent av dei som får lommepengar, får dette mot å gjere oppgåver i heimen (husarbeid eller liknande).
- Lommepengar er vanlegast i aldersgruppa 12-15 år. Sju av ti i denne aldersgruppa får lommepengar.
- I aldersgruppa 8-11 er det 64 prosent som får lommepenger. I aldersgruppa 16-19 er det 50 prosent.
- Dette får dei ulike aldersgruppene i lommepengar: 8-11 år: 63 kroner, 12-15 år: 127 kroner, 16-19 år: 261 kroner.
(Kjelde: Undersøking av Ipsos for DNB våren 2017)
Silje fortel at over seks av ti barn får lommepengar av foreldra sine.
– Viss du ikkje får lommepengar, bør du spørre mamma og pappa om du kan få det, seier ho.
Lommepengar er nemleg viktig for å lære å gjere gode val den dagen du byrjer å tjena pengar sjølv.
– Når mamma og pappa gir deg faste lommepengar lærer du nemleg kva ting kostar, at du ikkje kan ha råd til alt, og at du må nytta pengane fornuftig for å ikkje å gå tom før du får ny vekeløn.
Godteri og brus
Silje meiner at du må tenkje gjennom kva du brukar pengane til.
– Det er fort gjort å bruke opp pengane på godteri og brus. Men kanskje ønskjer du deg noko som er dyrare enn det du får i lommepengar? Då kan du spara noko av pengane eller alt, og få råd til det du ønskjer deg, seier ho.
Det er lurt å be mamma eller pappa om hjelp til å rekne ut kor mykje du må spara kvar veke for å få nok.
Oppgåver i heimen
– Det er ganske vanleg å ha ansvar for oppgåver heime, slik at du får lommepengar. Kva oppgåver du skal ha ansvar for bør dykk verte einige om saman. Nokon familiar har i tillegg oppgåver som ungane kan gjere for å tene litt ekstra, seier Silje.
Lag deg ei oversikt
For å halde styr på lommepengane dine kan du skrive ned kor mykje du brukar kvar dag gjennom veka.
– Er du flink til å bruke lite i vekedagene, kan du jo bruke litt ekstra i helga. Er du skikkeleg flink å spare klarar du kanskje å ha noko til overs når veka er omme. Desse pengane kan du spare til noko større som du ønskjer deg, seier ho.
Døme på oppgåver:
- Rydd rommet ditt
- Ta ut søppel
- Set inn i oppvaskmaskinen
- Brett klede
- Legg saman klede