Mathias (11) bur i New York – byen med flest korona-smitta

New York har flest menneske som er smitta og sjuke av viruset. Norske Mathias (11) og familien flytta til byen for to år sidan. No bur dei midt i kaoset. 

For snart to år sidan flytta Mathias Sundheim Østvang og familien frå den vesle bygda Stanghelle i Noreg til den største byen i USA. På Stanghelle bur det cirka 850, i New York er det 22 millionar innbyggarar.

LUNSJ: Sjølv om familien er heime grunna korona, kan ei av foreldrene hente lunsj til barna på skulen kvar dag. Foto: Privat

– Det er like mange som bur på Stanghelle som det er i det lukka nabolaget vårt her, fortel Beate Hesjedal Sundheim som er mor til Mathias. I USA er det vanleg at eit stort nabolag berre har éi innkøyring, og at det er skjerma frå andre nabolag som ligg rundt.

– Vi flytta fordi pappa jobbar i FN. Han flytta bort hit fyrst, så kom vi åtte månadar seinare, fortel Mathias.

SKULEPROSJEKT: Mathias har hatt skuleprosjekt om resirkulering. – Eg laga ein mann av ein vassdunk, vassflasker og brusflasker. Hovudet er laga av ein plastboks vi har planta i slik at han fekk grønt hår. Foto: Privat

Isolasjon og karantene

I New York har styresmaktene sagt at alle skal halde seg heime mest mogleg. 

Mathias og familien har vore i isolasjon frå 17. mars. Faren hadde nemleg vore i kontakt med ein som var smitta på jobb. 

– Etter fjorten dagar i karantene var spreiinga av viruset så stor at vi heldt fram med å halde oss heime, seier Mathias. 

– Så langt har eg inntrykk av at mange likar at vi har fri frå skulen. Men vi skulle reise på klassetrur til Broadway for å ete på restaurant og sjå Frozen på teateret. Det blei avlyst, så det var dumt, seier Mathias.

Ribba butikkar

Matbutikkar, apotek og byggvareforretningar er opne. Restaurantar har berre ta med-mat.

SPEL OG LEIK: – Eg spelar Minecraft og andre spel på ipad eller xbox. Elles har eg eit gevær med skumpiler som eg leikar med. Foto: Privat

– Ein vaksen i kvar familie kan handle varer i butikkane, så det er eg som handlar.  Elles bestiller vi mykje varer heim frå Amazon. Eg ser at nesten alle går med munnbind her no, fortel Beate.

Då koronapandemien braut ut forsvann mykje daglervarer frå butikkhyllene.

– Dopapir, meieriprodukt, kylling og bleier var heilt umogleg å få tak i. Ost, fløyte og vaskemiddel er det framleis tomt for i butikkane. Det som er det mest ubehaglege er at enkelte folk er redde. Då er det nokon som vert aggressive. Eg opplever at folk sender stygge blikk, så vi må vera forsiktige, seier mamma.

HUS: Familien bur litt utanføre sjølve bykjerna. – Det er mange frå New York som har reist til Florida for å vera i varmen medan viruset herjar. Vi har hus i Florida med basseng og boblebad – men vi valde å bli heime, fortel mamma. Foto: Privat

Leik og spel

Dei har hus med hage og ny trampoline. Så dagane går helst til leik, spel og planting. 

– Vi merkar at det byrjar å bli vår. Hagen er plutseleg blitt grøn, så vi har bestilt jordbærplantar og litt grønsaker fortel Beate. 

Mathias leikar mykje ute, men har ting å gjere på inne også.

– Eg spelar Minecraft og andre spel på ipad eller xbox. Vi har guteavdeling i kjellaren med spel og leiker, fortel Mathias.

Klassekameratane har han ikkje så mykje kontakt med i kvardagen.

– Eg er mest med brørne mine. Elles snakkar eg med klassen min når vi har heimeskule, fortel Mathias.

MAKK: Familien testar ut korleis det er å ha makk-kompost no i korona-tida. – No har vi 1000 makk i huset, ler Mathias. Foto: Privat