VENNEDUO: Silje Sirnes Winje og Maria Solheim blei kjende etter at Silje var programleiar i Lillepri som gjekk på NRK Super. Maria laga songar til programmet, og likte så godt å samarbeide at dei ville prøve seg på å lage barneplater. Artistduoen har saman gitt ut Kaptein snabelbæsj og hjertetyven (2016) og Bråkebøttebaluba (2019). (Foto: Presse)
Maria Solheim og Silje Sirnes Winje blei tildelt Spellemannprisen for Bråkebøtteballuba (2019).
Duoen har laga leikne poplåtar inspirert av tyggispopp frå 60-talet. Dei har hatt som mål at musikken skal vere så bra at barn og foreldre kan høyre på det saman utan at foreldra blir heilt koko.
Framtida junior har tidlegare snakka med vinnar-duoen.
– Vi synes at barn fortener ordentleg god musikk på norsk. Det finst veldig mange vaksne som lagar musikk for vaksne, men ikkje så mange vaksne som lagar musikk for barn. Men musikk er viktig for alle. Og vi hadde lyst til å skrive om slike ting som barn er opptekne av og snakkar om, seier Maria Solheim.
– Ja, vi diggar å lage musikk for barn! Dei er det beste, ærlegaste og mest spontane publikummet. Ein annan viktig drivkraft er at Maria og eg synes barn fortener at det blir laga nyskapande, norsk musikk, seier Silje.