Nasjonaldagen har alltid vorte markert med barnetog som vaiar med flagget sitt. Men i år blir ting annleis. Mange av dei største byane har allereie gått ut og sagt at barnetoga ikkje blir noko av.
Dette har aldri skjedd tidlegare, utanom åra Noreg var i krig.
Derfor er det viktigare enn nokon gong at vi tek vare på demokratiet og samhaldet som vi har her i Noreg.
Oppgåve:
Skriv ein 17. mai-tale til alle barn i Noreg.
Frist: 8. mai
Skriv teksten på nynorsk
Send til: framtidajunior@gmail.com
Kriterier
Dette må du hugse: | Kryss ut etterkvart: |
Overskrift | |
Namn, alder, skule | |
Skrittype Times New Roman | |
Skriftstorleik 12 | |
Ikkje legg ved bilde du har henta frå nett | |
Legg ved eit bilete av deg sjølv | |
Få godkjenning frå foreldre før du sender. Skriv også telefonnummer til ein av foreldra dine. (På den måten får vi gitt beskjed dersom teksten blir publisert) | |
Send til framtidajunior@gmail.com | |
Skriv fornamn og etternamn i emnefeltet |