Alarmtelefonen er open i påska

Til deg som treng hjelp eller nokon å snakke med i påska: Ring eller chat med nokon som kan hjelpe deg.

No er skular og fritidstilbod stengt. Dei fleste barn er heime og har det trygt. Men nokre barn kan føle at denne tida er ekstra vanskeleg fordi dei ikkje har det bra heime.

Det er viktig at du som har det vondt snakkar med nokon. Det finst mange menneske som vil hjelpe akkurat deg.

Det finst mange tenester – både telefon og chat. Du kan vera anonym om du vil.

Alarmtelefonen er open heile døgnet og kan brukast av både barn og unge. Ring 116 111 om du opplever vald, overgrep eller andre vonde kjensler du treng å snakke med nokon om. Du kan ringe telefonen, eller du kan chatte anonymt.

– Mi bøn og råd til alle barn er å ta kontakt, sa barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til VG på regjeringa sin pressekonferanse måndag.

Her kan du ringe/chatte om du treng nokon å snakke med:

  • Ring til alarmtelefonen for barn 116 111. Der kan du vera anonym og spørje om det du lurar på. Det er gratis og telefonen er døgnopen.
  • Ring til barnevernet i kommunen der du bur. Du finn telefonnummeret på kommunens si heimeside. Barnevernet skal hjelpe barn som har det vanskeleg.
  • Sei ifrå til ein du stolar på og be om hjelp. Det kan vera ein i familien din eller ein annan vaksen.
  • På Kors på halsen kan du prate med eller skrive til vaksne som er frivillige i Røde Kors. Dei høyrer på det du har å seie og hjelper deg om du vil. Det er heilt anonymt og heilt gratis. Telefonnummeret deira er 800 333 21. Du kan også chatte og sende mail anonymt på nettsida deira korspåhalsen.no.
  • BARsnakk er ei chatteteneste for barn, ungdom og vaksne som har foreldre som har rusproblem, eller som kjenner nokon som har det. Det er heilt gratis, og du kan vera heilt anonym.
  • SnakkOmPsyken.no er ei chat-teneste for barn og unge frå 9-19 år. Her kan du snakke med ein trygg vaksen om korleis du har det, om du synest at noko er utfordrande og vanskeleg, eller treng nokon å prate med.