Gruar du deg til jul fordi dei vaksne drikk alkohol?

Nokre barn engstar seg for at foreldra drikk for mykje alkohol. I julehøgtida med mykje fest og moro, er det kanskje ekstra mange som kjenner på problemet.

Mange vaksne drikk alkohol til middagen når det er fest.

Det er ikkje farleg å drikke nokre glas alkohol når du er vaksen, men får ein for mykje alkohol i seg kan ein skifte personlegdom. Nokon snøvlar, ler ekstra høgt, får sløvete blikk, og seier kanskje ting som både kan vere både flaut og rart.

Som oftast når ein vaksen drikk alkohol ser ein ikkje sjølv at ein er påverka. Dei veit kanskje ikkje at dei er synleg berusa – så å snakke med dei kan vere lurt.

Snakk med foreldra eller ein vaksen

Om du opplever dette er det viktig at du snakkar med ein vaksen om problemet. Er det vanskeleg å fortelje foreldra dine at du er redd for at dei skal bli påverka av alkohol, kan det vere lurt å snakke med ein annan vaksen – som du stolar på.

Kanskje du kan fortelje foreldra dine at du veit at mange vaksne drikk alkohol, men at du ikkje likar når dei drikk for mange glas.

To glas

I ei spørjeundersøking kom det fram at barn i Noreg synest det er greit at foreldra drikk to glas med alkohol. Kanskje ein kan lage ein regel om at det ikkje er lov med meir enn to glas i løpet av ein kveld? På den måten kan alle vere trygge på at ingenting blir skal opplevast rart.

Alarmtelefon 116 111

Det finst ein Alarmtelefon som er gratis. Her kan du snakke og få råd om det er noko du lurer på. Du er heilt anonym, så ingen treng å vite kven du er.

Hugs at det ikkje er din feil om foreldra dine drikk for mykje alkohol.