Faktasjekknettstader har eit svare strev med å rydde opp i falske nyhende som følgje av koronapandemien.
Av den litt mindre alvorlege feilinformasjonen er korleis koronaviruset, som heiter SARS-CoV-2, faktisk ser ut.
Det har faktasjekknettstaden Faktisk.no teke føre seg:
Illustrasjonen som vanlegvis vert brukt på koronaviruset SARS-CoV-2 er ein 3D-illustrasjon laga av amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC).
Amerikanske National Institute of Allergy and Infectious Diseases (NIAID) har lagt ut ei rekkje bilete på sin opne Flickr-konto, som viser korleis viruset eigentleg ser ut gjennom mikroskopet.
Andre misforståingar som kan vere verd å merke seg om det nye koronaviruset som herjar heile verda er at viruset heiter SARS-CoV-2, medan sjukdommen viruset fører med seg heiter covid-19.
Vidare har Språkrådet slått fast at korona på norsk skrivast med k og uttalast med vanleg norsk o-lyd, altså ein «trang» o som i krone, skriv direktør Åse Wetås i BT.