Småfuglane er no på veg nordover etter å ha vore i Afrika eller Sør-Europa i vinter. Det er for kaldt og for lite mat her i Noreg. Difor reiser dei til varmare land kvart år, skriv Ung.Forskning.no.
Men kvifor kjem dei tilbake? Svaret på det handlar også om mat. Viss alle småfuglane skal bu i dei varme landa, blir det for lite mat. Difor brukar dei heller energi på å flyge tilbake til nord, for å finne meir mat her.
Lær fem fuglesongar
Det er også fint for oss menneske at dei kjem tilbake. Det minnar oss om at våren er her. Songen deira er eit teikn på det. Her kan du lære deg å skille i fuglesongen til fem fuglar:
Ung.Forskning.no har snakka med forskaren Peter Sjolte Ranke som kan hjelpe deg å hugse korleis dei ulike fuglane syng.
1. Gråtrosten – ein gretten Donald Duck
Songen til gråtrosten kan høyrast ut som ein hund som bjeffar. Innimellom har den også ein lokkelyd. Ein durande, rullande, hes lyd.
Den høyrest ut som lyden Donald Duck brukar når han ikkje er nøgd, meiner forskaren.
2. Gråspurv – eit knirkande trillebårhjul
Gråspuren held ofte til i hekkar rundt hus og parkar. Du kan sjå føre deg eit trillebårhjul som knirkar når du høyrer den synge.
3. Gransanger – tjiff-tjaff
Denne vesle fuglen kan det vera vanskeleg å få auge på blant kvistar og blad. Men songen er lett å kjenne att. På engelsk blir den kalla «chiffchaff» – og det er akkurat det den syng. Tjiff-tjaff.
4. Rødstrupe – vårens tristaste
Denne høyrer du best rett etter at det blir lyst om morgonen. Songen er litt trist. Den startar lyst og dalar lett nedover og blir svakare mot slutten.
5. Bokfink – ertekroken
Bokfinken syng sterkt og høgt. Den byrjar ofte svakt og aukar tempoet. Sjå føre deg at bokfinken ler av ein annan fugl og seier: «hahahahahaha – spirrevipp».