Mange idrettar er blitt svært dyre

3.900 kroner for ein 9-åring og 9.600 kroner for ein 15-åring. Det er den gjennomsnittlege prisen i året for å delta i idretten.

Fakta om barneidrett:
  • Barneidrett er idrettsaktivitet for barn til og med det året dei fyller 12 år.
  • Målet er at barn og unge skal ha eit variert og inkluderende idrettstilbod, der dei møter vener, har det gøy og blir så gode som dei sjølv vil.
  • Barn og unge har rett til eit trygt, variert og inkluderande idretts- og konkurransetilbod.
  • Barn og unge skal sjølv bestemme på kva nivå dei ønskjer å drive idrett.

Kilde: idrettsforbundet

LES FAKTALUKK FAKTA

Oslo Economics har undersøkt kva det kostar å delta i 13 ulike idrettar. Dei har laga ein rapport som viser at snø og is-aktivitetar skil seg ut som dei dyraste idrettane. Utstyr og klede er ofte dyrt i til dømes hockey og alpint.

Treningssamlingar

I mange idrettar er det også ofte treningssamlingar. Det kostar ein del å bli med på desse. Ofte kan ein velge om ein vil vera med, men mange opplever at reisene er viktige for å delta i idretten.

Berit Kjøll er president i idrettsforbundet. Ho seier til Munin.buzz at rapporten også viser at mange idrettslag har eit tilbod med lågare prisar. Ho seier også at mange brukar unødvendig mykje pengar på utstyr.

– Denne utviklinga må vi snu, seier Kjøll.

– Idretten skal være inkluderende

Abid Q. Raja (V) er kultur og likestillingsminister. Han meiner det er viktig å gjere idretten tilgjengeleg for alle.

– Det er alvorleg når barn og ungdom ikkje kan delta i organisert idrett fordi det kostar for mykje. Idretten skal vera inkluderande, og alle skal kunne ha eit idrettstilbod, seier han til Munin.buzz.

Det var NTB som fyrst omtala saka.