– Vener er viktig. Vi kan leike ilag, og viss nokon treng hjelp kan vi hjelpa kvarandre. Viss nokon er lei seg, kan vi trøyste kvarandre, fortel Thea.
– Ja, når ein har vener går ein ikkje åleine. Du har alltid nokon å vera saman med. Vener tek vare på kvarandre viss nokon blir mobba, seier Elene.
Vener av vener
Thea likar å bli kjent med vener sine vener.
– Det hender at folk eg kjenner har med seg vener dei har frå tidlegare, og då kan eg bli kjent med dei også. For å få nye vener er det viktig å gå bort for å snakke med dei. Når du veit kva dei heiter, er det enklare å bli kjent, fortel ho.
– Viss eg ser nokon eg kan bli kjent med går eg bort for å snakke med dei. Då spør eg om kva dei heiter, og om vi kan møtast ein gong, seier Elene.
Fleire bestevener
Både Elene og Thea har fleire bestevener.
– Eg har fleire bestevener, og er ofte saman med dei som er både yngre og eldre enn oss, fortel Thea.
– Ja, eg har også det slik, at eg leikar med mange forskjellige, fortel Elene.
For å halde på gode venskap har dei to jentene følgjande tips:
– Hjelp kvarandre, sei gode ting, finn på kjekke ting i lag, og vis at du er der om det skjer noko med venen din, seier Thea.
– Det er viktig å leike ilag, gratulere dei med dagen når dei har bursdag, gje dei ein klem om dei treng ein, og snakke med dei på ein god måte, seier Elene.