Årets Gullbarbie er no kåra og bloggtenesta Blogg.no vann overlegent med heile 63% av dei 20 478 stemmene som kom inn.
Blogg.no er noregs største bloggportal og plattformen dei fleste av påverkarar (influencarar) startar karriera si på.
“Best på å føla seg verst”
Det er ungomdsorganisasjonen Press, i Redd barna ungdom, som står bak prisen.
Kvart år deler ungdomsorganisasjonen Press – Redd Barna Ungdom, ut prisen Gullbarbie. Det er ein pris som går til den reklame- eller medieaktøren som er “best på å få ungdom til å føla seg verst” .
Vil ha strengare retningslinjer
Press kritiserer eigarane for bloggplattforma, Egmont, for å ikkje ha strenge nok retningslinjer for kva som kan annonserast for på plattformen.
Dei meiner at barn og unge dagleg møter reklamar for tannbleiking, sjølvbruning, kosmetiske behandlingar og andre produkt som kan få ungdomen til å føle at dei ikkje er bra nok som dei er.
– Med årets Gullbarbie seier born og unge tydeleg ifrå at det er på tide at bransjen vert ansvarleggjort og regulert. Me er leie av at nokon tener seg rike på at ungdom får dårleg psykisk helse, seier Mina Vinje, leiar i Press i ei pressemelding.