Slik gjer du:
1: Smelt sjokolade i ei bolle som du har oppe i ei gryte med varmt vatn.
2: Dypp halve ballongen oppi sjokoladen
3: Sett ballongen på eit fat i kjøleskapet. La sjokoladen stivne i eit par timar
4: Sprekk ballongen!
5: Vipps, så har du ei sjokoladeskål.
Om du vil lage ein skål av confetti (små papirbitar) i staden, gjer du slik:
1: Blås opp ein ballong, og klypp opp farga ark i ein haug med små bitar.
2: Dekk halve ballongen med lim (den delen som er rund), og fest papirlappane på. Limen må vera ein slik som vert bank når han tørkar.
3: Lim på papirlappane, og prøv å lage ein fin kant – slik at kanten på skåla vert så jamn som mogeleg.
4: Smør eit ekstra lag med lim på til slutt.
5: La limet tørke.
6: Sprekk ballongen!
7: Vipps, så har du ei snopeskål du kan bruke mange gongar.