Det er veldig stort og ærefult for ein artist å bli spurt om å ha pauseunderhaldninga, for då er det rundt 100 millionar som ser på.
I år var det Jennifer Lopez (J.Lo) og Shakira som hadde fått det ærefulle oppdraget under kampen i Miami i USA.
Både Jennifer Lopez og Shakira er latinamerikanske og løfta derfor fram latinamerikansk kultur i showet og spelte ein medley av hitlåtene sine.
Lopez si elleve år gamle datter, Emme, var med på scenen og song saman med mora og Shakira på ein medley-versjon av Born In The USA og Lets Get Loud.
Etterpå fekk Emme mykje merksemd på nettet.
Marc Anthony, Faren til Emme, er sjølv musikar. Han delte på Twitter at han var stolt av henne. “Du er min kjærleik og eg er din for alltid”
Emme Daddy is so proud of you. You are my ❤ and I am forever yours. pic.twitter.com/GLhmZOneBv
— Marc Anthony (@MarcAnthony) February 3, 2020