«Vaffelhjarte» blir omreisande teater

Riksteatret legg ut på ein turné med Maria Parr si suksessbok Vaffelhjarte.

MARIA PARR. (FOTO: AGNETE BRUN/SAMLAGET.)

Riksteatret skal ut på 55 stadar over heile landet. Du kan sjekke her om Riksteatret kjem til heimstaden din.

Maria Parr brakdebuterte i 2005 med boka Vaffelhjarte. Boka blei TV-serie på NRK Super, og har blitt dramatisert på teaterscenen før.

Maria Parr vaks opp i ei lita sunnmørsbygd som heiter Fiskå. Karakterane i bøkene ho skriv er ofte plassert i eit bygdemiljø.

Odd Nordstoga laga musikk til TV-serien som også er med på Riksteatret si oppsetning.