Barneombodet: – Vaksne må bli flinkare til å lytte til barna

Framtida Junior har snakka med barneombod Inga Bejer Engh om gleder i 2019 og håp for 2020.

Kva har gledd deg mest i 2019?

– Eg er veldig glad for at dei som bestemmer i Noreg har lytta til våre innspel når dei lagar nye lovar og reglar for kva som skal vera ein god skule for elevane. I lova står det no heilt klart at alle elevar skal ha det trygt og godt på skulen, og at alle skal læra meir om korleis barn skal vera trygge når dei er på internett.

Kva har skuffa deg mest i 2019?

– I min jobb som barneombod møter eg óg barn som har det vanskeleg. Nokre fortel at det ikkje er lett å snakke med vaksne om problema sine. Eg er nok mest skuffa over at barn ikkje får den hjelpa dei treng fordi nokre vaksne ikkje er flinke nok til å sjå og lytte til barn som har det vanskeleg.

Kva er håpet ditt for 2020?

– Det eg ønskjer meg aller mest er at vaksne må bli flinkare til å lytte til barna og ta dei på alvor både heime, på skulen og på fritidsaktivitetar. På den måten kan politikarane og dei som bestemmer i landet lage lovar og reglar som er bra for barn. Å lytte til barn og ta dei på alvor er kjempeviktig.