I sosiale medier er det mange som kaller det både «trist», «pinleg» og meiner at treet er glissent, skriv Aftenposten. Det var BBC som fyrst omtala kritikken.
Forsvarar treet
Den britiske ambassadøren i Noreg, Richard Wood, forsvarar treet.
– Det er slik eit 90 år gammalt, 25 meter høgt tre ser ut i det fri, seier Wood ifølgje BBC.
Det fyrste treet var ei gåve frå kong Haakon VII til britane som takk for at han fekk flykte til Storbritannia under 2. verdskrig.
– Det er viktigare å tenkje på symbolikken i treet enn å telle kor mange greiner det har, seier Wood.