Sunniva (13) er bokmeldar for Framtida Junior

Hei!

Eg heiter Sunniva Tonning og er 13 år. For eit par år sidan flytta eg og familien min til ein gammal gard i Sanddalen i Jølster, og det er der eg bur no.

Eg har hatt mange gode leseoppleveingar. Den første serien eg las fleire gonger, og som var favorittserien min lenge, var ein serie om hestar. Kattekrigerne er óg en av mine beste leseopplevingar, og det same gjeld CLUE-serien og Pegasus-serien.

For at eg skal like ei bok, må ho innehalde gode skildringar, variert språk, litt humor og ikkje minst må ho vere spennande, gjerne litt heile tida. Krimbøker og fantasybøker er det eg likar best, men nokre gonger les eg hestebøker óg. Nokon av dei eg likar best er for eksempel Stall Nova av Ingrid Wiese og serien om Den svarte hingsten av Walter Farley.

I tillegg til å lese og skrive, likar eg å ri, trene, og vere med venene mine. For ei stund sida vart eg engasjert i klima og miljø, og eg har delteke på tre klimastreikar. 

Les om fleire gode bøker her!