– Det er framleis eit veldig tidleg stadium, han kjem ikkje neste år, seier direktøren for Astrid Lindgren Aktiebolag, Olle Nyman, under lanseringa av «Pippi på Cirkus», melder NPK-NTB.
Nyman, som er barnebarnet til den høgt elska barnebokforfattaren, sa òg at det «forhåpentlegvis blir fleire filmar også, ikkje berre éin», ifølgje TT.
I oktober vart det kjent at Astrid Lindgren Aktiebolag, som forvaltar livsverket til forfattaren, hadde inngått avtale med Studiocanal og Heyday Films om å byrje arbeidet med ein Pippi-film.
Studiocanal og Heyday Films står bak dei to «Paddington»-filmane. Sistnemnde har òg produsert alle «Harry Potter»-filmane.