Bokbad med Atle Hansen

Atle Hansen har skrive 21 bøker, og éi av dei er blant dei beste som er skrive på nynorsk.

Fakta om Atle Hansen:

Forfattar av 21 bøker

Alder: 64 år

Favorittfag på skulen? Alle fag utanom gym. Naturfag var kanskje det faget eg likte aller best.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg begynte å lesa bøker då eg var fem år gamal, og har alltid likt å lesa, seier Atle Hansen på bokbadet på Rimbareid skule i Fitjar. 7.trinnet på skulen har førebudd spørsmål, og 5. og 6. trinnet høyrer på.

– Når du likar noko du likar veldig godt, så vil du gjerne gjera det heile tida. Eg har tre ting eg likar veldig godt: skriving, synging og fisking – og det er det einaste eg har hatt lyst til å gjera, fortel forfattaren som til vanleg bur i nabokommunen Stord.

Skreiv ei bok på to dagar

Før var Atle Hansen journalist og skreiv ned kva andre sa. No er han forfattar og skriv det han tenker.

Han var 43 år då han gav ut si første bok: Sjørøver-Jenny og Einauge-Bill. Sidan har det blitt 20 bøker til.

– Kva for ei av bøkene dine likar du best?

– Det blir litt som å spørja kva for ein av ungane mine eg likar best. Eg likar alle bøkene like godt.

Anna Fitjar Hjelle (12), Sondre Olai Aarskog (12) og Amalie Bergesen (11) spurte Atle Hansen om boka hans Apetryne.

– Korleis jobbar du med bøkene dine?

– Eg sit og skriv, og så kjem det ei setning der, og ei setning der. Av og til tar det lang tid, men av og til kan det ta berre nokre dagar. Boka Amandas Medisin skreiv eg på ein måndag og tysdag, og fredagen var boka heilt klar.

Gløymer det aldri

Største delen av bokbadet omhandla om boka Apetryne. Her møter me den litt sjenerte og einsame Arne, som blir egla av den usikre og bøllete Ivar. Ein episode er basert på Atle Hansen sine eigne opplevingar.

– Eg var fascinert av apekattar, og fortalde om dei medan eg laga apelydar. Då fekk eg beskjed om at eg ikkje trong å leika at eg var ein apekatt, for eg hadde jo allereie eit apetryne. Eg lo då, men då eg kom heim og såg meg i spegelen blei eg usikker. Eg trur ikkje eg har tatt skade av hendinga, men eg har aldri gløymt den. Og når eg har bore på dette heile livet, kan ein jo lura på korleis dei som opplever verre ting tek det med seg i livet sitt.

– Desse som kalla meg apetryne hadde jo gløymt det neste dag, og sånn er det ofte. Dei som plagar gløymer det, men den som blir plaga gløymer det aldri.

Bli med på den uhøgtidlege avstemminga, og stem på kva som er di favorittbok!

Kva av dei ti bøkene er din favoritt?

Kva av dei ti bøkene er din favoritt?

Teo i trøbbel1533
Tonje Glimmerdal921
Eksperimentet89
Fly, Thea! Fly100
Verdas mest forelska par1277
Motorsykkelmysteriet57
Ollis79
Snillionen725
Flukt100
Happy76
Svar totalt: 4957