Kanskje er du ikkje gamal nok til å hugsa kjensla av å først sjå og så plukka ned ein CD fordi den såg kul ut.
Eller kanskje hugsar du til og med tida med LP-plater, eller brukar plate-omslaga som pynt på veggen?
Uansett – plateomslag har alltid vore ein del av pakka. Ofte med artisten sjølv på biletet. Men kva gjer ein då i land der lova seier at kvinner skal vera tildekte?
Sensurerte plateomslag
I Iran har ei strømmeside for musikk, Melovaz, vald å sensurera alle bilete med kvinner.
Og det har ført til nokre ganske spesielle og tragikomiske utslag i utsjånaden på covera.
På internett har fleire reagert, og omtalar mellom anna dette som kjønnsdiskriminerande.