Produksjon av mobiltelefonar går ut over menneske, miljø og klima. Kjøp og kast av mobilar er ei miljøbombe.
– Mobilgigantane motarbeider vår rett til reparasjon ved å gjere det dyrt og vanskeleg å fikse telefonen, skriv Fremtiden i våre hender.
Har du ein øydelagt telefon? Då er det mest miljøvenlege å få han reparert. Men viss ikkje det går, er det mogleg å levera telefonen inn til gjenvinning. I kvar telefon finst det mange verdifulle metall som kan bli nye telefonar og nye batteri.