Donald Trump vil ha neste månelanding innan fem år

Sidan 14. desember 1972 har det ikkje vore menneske på månen.

I år er det femti år sidan dei første astronautane sette beina sine på månen. I løpet av litt over tre år var 24 astronautar på månen. Halvparten av dei gjekk ut frå romskipet og ut på månen.

Sidan 14. desember 1972 har det ikkje vore menneske på månen. No har Donald Trump gitt beskjed til NASA om å få menneske på månen igjen.