Fotballspelarane Tuva Anika Nilsen (16) og Thale Kivijervi Ellertsen (17) frå HIF-Stein Hammerfest har opplevd negative haldningar til jentefotball, men meiner det er i endring.
– Det er jo sånn at det ofte blir sagt at det er så keisamt med jentefotball. At det liksom ikkje er så mykje trøkk, men eg er ikkje heilt einig i det, seier Tuva Anika Nilsen.
Rekordmange jentelag på Norway Cup
Framtida.no møtte dei på Norway Cup, som i år har hatt rekordmange jentelag. 35 prosent av laga som spelte på Ekebergsletta i Oslo var jentelag.
Generalsekretær i Norway Cup, Pål Trælvik, uttala til NRK at dei har jobba over lang tid for at fleire jenter vil spela fotball og legg spesielt til rette for at fleire jenter skal bruka idretten.
Tuva Anika Nilsen synest det berre blir meir og meir positive haldningar til jentefotball og meiner profilar som Ada Hegerberg kan ta delar av æra for utviklinga.
– Ada Hegerberg er jo eit stort førebilete. Ho har oppnådd veldig mykje innanfor fotballen og spesielt som kvinneleg fotballspelar, seier 16-åringen.
Gutane heier på jentene
Litt bortanfor jentene, står nokre gutar og leikar med ein ball på sletta.
Dei 14 år gamle gutane, som til vanleg spelar på Nesodden IF, har likevel høyrt folk seie ting som at «jenter ikkje er like gode i fotball» og at «gutane fortener meir i løn enn jentene».
– Det er feil, tykkjer Ismael Mahdy, som er for likestilling.
Dei norske fotballgutane merkar at kvinnefotball er meir populært fordi det vert sendt meir på tv og trekk nesten fulle stadionar.
Kvinnefotball i USA er populært
Også dei amerikanske spelarane på Central California Soccer Alliance merkar at sporten får meir respekt. I sommar vann USA VM i fotball for kvinner for fjerde gong.
Dei amerikanske spelarane er van til tøff konkurranse heime, men ein ting på Norway Cup har gjort inntrykk. Jentene har lagt merke til at mange unge gutar møter opp på kampane og heiar på dei.
– Då me gjekk i paraden var det ein heil gjeng små gutar som heia på oss og ropte: «USA! USA!» Eg føler at heime så er det ikkje så mykje av det, men her heiar dei faktisk på oss – av riktige grunnar, smilar 17 år gamle Evan House
Fakta om kjønnsfordeling i fotballen
I 2016 var det om lag dobbelt så mange gutar (69.495 spelarar) som jenter (31.532 spelarar) i alderen 13-19 år som spelte fotball.
I USA har talet på kvinnelege spelarar i USA tredobla seg sidan dei vann VM i 1991.
I fjor var det 390.482 kvinnelege spelarar på high school-nivå i USA, og 456.362 mannlege spelarar.