To turar årleg
NASA planlegg i første omgang to tur-retur-reiser årleg. Opphaldet på romstasjonen skal kunne vare i opptil 30 dagar, og dei private astronautane må ut med 35.000 dollar, godt over 300.000 kroner, per døgn.
I tillegg må den som ønsker seg ein romtur, ordne med transport sjølv. NASA vil ikkje stå for reisa for verken privatpersonar eller bedrifter. Det vil derimot selskapa Space-X og Boeing, etter å ha fått løyve av NASA til å fly mellom romstasjonen og jorda.
Ein tur-retur-billett med eitt av desse selskapa vil koste om lag 500.000 kroner.