NASA: Neste år blir det bemanna ferd rundt månen 

NASA seier at dei vil senda fire astronautar rundt månen i november 2024.

Mannskapet skal ikkje landa på månen, men dette er neste steg på veg mot ei ny månelanding.

I desember vart ein ubemanna Orion romkapsel sendt i bane rundt månen. Det er erfaringane frå denne ekspedisjonen som gjer at NASA no er klar for å senda menneske på same rundtur. Målet er at ein tredje ekspedisjon skal sendast ut november 2025 med sikte på å landa på Månen.

SpaceX held på med å utvikla romdrakter og å byggja månelandingsfartøyet som skal brukast ved den første månelandinga sidan desember 1972.

Korleis var eigentleg månelandinga i 1969? Sjå denne forklaringa frå Norsk Teknisk Museum på YouTube: