Dei fleste som speler handball på Vestlandet pleier å dra til Stord i pinsen for å bli med på Handballfestivalen. I år er det 30 år sidan festivalen byrja for første gong.
Kulturminister Trine Skei Grande kom til opning på Torget på Stord.
– Dette har vore arrangert i 30 år. Då var det sanneleg på tide at regjeringa kom og sa: gratulerer med 30-årsdagen! sa ho til jubel frå dei frammøtte.
– Ein styrke med norsk idrett er at det vesle landet vårt har klart å fostra nokon av dei beste idrettsfolka me har. Det er på grunn av sånne festivalar som dette at det rare, vesle landet vårt klarar å ha to av dei beste handballaga i verda.