Noreg møter Frankrike i VM-finalen

Frankrike og Noreg er klare for finale i handball-VM. Sundag spelar dei om gullet.

Frankrike vann 37-28 over Sverige i semifinalen, medan Noreg vann 29-28 mot Danmark.

I hovudrunden tapte Noreg 23-24 mot Frankrike.

I VM for to år sidan låg Noreg under mot det franske laget i finalen, men snudde kampen og vann til slutt, skriv NRK.

Finalen startar sundag klokka 19.00.