Forskarar håpar på mange mygg i år

Vi veit svært lite om myggen. I år vil forskarar skaffe oss meir kunnskap, og dei treng di hjelp.

– Det er nesten ikkje gjort noko forsking på stikkmygg dei siste 70 åra, fortel avdelingsingeniør Sondre Dahle ved NINA til NRK.

Forskarane vil gjerne finne ut kva artar av stikkmygg som lev i Noreg, og kor dei held til. Dahle seier til NRK at han trur det finst cirka 40 ulike artar i Noreg. Han håpar å finne endå fleire denne sommaren.

Treng di hjelp

For at Sondre og dei andre forskarane skal lukkast, treng dei hjelp frå deg som har ei myggfelle heime.

– Det er selt over 20.000 feller i Noreg, seier han.

Forskarane vil gjerne ha litt av fangsten frå fellene. Viss du har ei felle heime kan du kontakte NINA. Då får du tilsendt ein boks du kan legge myggen i. NINA betaler portoen, slik at det ikkje skal koste noko for folk som vil hjelpe. Her kan du ta kontakt med NINA.

Mange stader i verda vert myggen rekna som farleg. Men, det er ikkje myggen som er farleg, det er sjukdommar den kan bære med seg som kan vera farlege.

– Mygg i Noreg spreier ikkje alvorleg sjukdom.

Sitat: Sondre