I Al-Hol-leiren i Syria er det mange barn som ikkje kom til leiren saman med foreldra sine. Størsteparten av desse blir passa på av andre vaksne, men 121 barn har vore heilt utan nokon til å passe på seg.
– Vi har funne barn som var heilt ålene, og som var så små at dei ikkje kunne snakke, fortel Line Hegna, kommunikasjonssjef i Redd Barna til Aftenposten.no.
Dei 121 barna bur no i tre ulike senter i leiren. Redd Barna driv eit av desse, og tek seg av 21 barn der.
– Desse barna blir tatt vare på 24 timar i døgeret. Dei får leike, dei får mat og helseoppfølging og omsorg, seier Line.
Redd Barna hjelper også barna med å dokumentere kven dei er, og viss mogleg, finne tilbake til foreldra deira.