Ein må heilt tilbake til 1890, då arbeidarrørsla i USA markerte 1. mai som ein demonstrasjonsdag.
Bakgrunnen var ein streik i Chicago i 1886. Dei streikande kravde å få innført ein åtte timars arbeidsdag. Politiet skaut og drap fire av demonstrantane.
I Noreg er det ulike måtar å markere denne dagen. Nokre organisasjonar har talar (appell). Nokre går i tog med plakatar om saker som engasjerer arbeidarane.