Mange barn skammar seg over å bli utsett for vald

Menneske som opplever vald i barndommen trekk seg ofte vekk og opplever einsemd, viser ein ny rapport.

Har du blitt slått, utsett for psykisk vald eller seksuelle overgrep, har du naturlegvis ikkje noke å skamme deg for.

Likevel gjer mange det, viser ei ny undersøking.

Kvifor trur nokre barn at andre menneske vil sjå ned på dei fordi nokon andre har påført dei vald?

– Denne skammen er vanskeleg å forstå, seier Helene Flood Aakvaag til Forskning.no. Ho var ei av fleire forskarar som laga rapporten frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress.

Helene meiner rapporten viser at vi må jobbe for at barn som har opplevd vald forstår at dei ikkje har noko å skamme seg over.