Her er 15 edderkopp-fakta:
- Edderkoppar finst overalt: i skog, ørken, sjø, ved kyst og innland, og til og med under jorda. Det finst faktisk edderkoppar i det snødekte Himalaya, som er verdas høgaste fjell.
- Edderkoppen er eit leddyr.
- Vi kjenner til 34 000 artar i verda. Nokon er knøttsmå, andre er hårete beist på størrelse med ein tallerken.
- Vi har cirka 562 artar i Noreg.
- Dei fleste edderkoppar har eit kort liv. Det er tarantellar som lever lengst. Dei kan bli 25 år gamle.
- Edderkoppen lagar nettet sitt etter eit fast mønster.
- Svart enke blir rekna som ein av verdas giftigaste artar.
- Edderkoppar har ein todelt kropp. Dei har fire par bein, to gripekjevar og åtte auge.
- Dama er ofte større enn mannen.
- Nesten alle edderkoppar har gift, men berre nokre få er giftige for menneske.
- Edderkoppar har kjertlar som dei lagar spindelvev med. Silketrådane nyttar dei på ulikt vis. Alle lagar ein tråd som skal sikre dei mot å ramle ned når dei beveger seg. Mange lagar også nett for å fange insekt.
- Læra om edderkoppar kallar vi araknologi.
- Angst for edderkoppar kallar vi for araknofobi.
- Ordet edderkopp er danna av edder som tyder «gift» og kopp, kanskje av det latinske ordet cuppa som tyder «beger».
- Alle edderkoppar er rovdyr bortsett frå arten Bagheera kiplingi som et planter.
(Kjelder: Nysgjerrigper, Store norske leksikon)