Barn og unge fortel om å bu i to heimar

Mange barn og unge har foreldre som ikkje bur saman. Kva tenkjer dei om å bu i to hus?

Mange norske barn og unge har foreldre som ikkje bur saman. Før var det ofte slik at barna budde hos ein av foreldra, men no er det også vanleg at barn flyttar mellom to heimar. Forskarar har intervjua 35 barn og unge – for å finne ut korleis det er å bu slik, skriv Ung.Forskning.no.

Dei fleste av dei som blei intervjua, fortalte at det er bra å bu hos begge foreldra. Men at det også kan vera slitsamt.

«Det er berre hyggeleg å ha ekstra foreldre»

Sitat: Petter, 6. klasse

Vil ha begge i kvardagen

I intervjua fortel barn og unge at dei reiser fram og tilbake mellom foreldra sine hus. For mange er det viktig å kjenne at dei har kvardagar hos begge. At dei ikkje er “på besøk”, men kjenner at dei “bur der”.

Klede og utstyr

Det mange kjenner på som slitsamt, er å flytte på klede og utstyr. I tillegg kan det vera vanskeleg å planlegge aktivitetar.

Mamma og pappa SEIER at eg kan bu der eg vil. Men samstundes seier dei at “vi vil ha deg, eller “eg vil ha deg”. Difor held eg fram med å bu 50/50″

Sitat: Jente, 18 år

Difor er det mange som svara at det er fint når foreldre bur nær kvarandre, og om dei samarbeider bra.

Verst med foreldre som kranglar mykje

Nokre av dei 35 barna og ungdommane har det tungt. Dei har foreldre som kranglar mykje. Nokre av barna føler dei må vera i midten. Då kjennast det ikkje trygt. Fleire av barna bekymrer seg for ein av foreldra. For helsa deira, eller at mor eller far meiner det er dyrt at dei bur der. – Dei kan vera redd for å såre ein av foreldra, fortel forskarane.

Gode råd

Barna og ungdomane har kome med tips til andre – både barn og vaksne:

  • «Bu hos begge så du får tett kontakt med begge, men bu meir hos den eine når det kjennast best.»
  • «Bu lengre periodar hos kver for å sleppe å veksle så ofte.»
  • «Det kjem til å gå bra!»

Til foreldra er meldinga klår: «Bu nær kvarandre» og «Ikke krangle!»