Tips til å bruke mobilen litt mindre

Er du motivert nok, finst det ein drøss med tiltak som hjelper deg med å kutte mobilbruken til eit minimum.

Vaksne nyttar mobilen opp mot fire timar om dagen. Kor mykje barn nyttar mobilen er uvisst, men for mykje bruk på mobilen kan reduserast.

Her er nokre tips til kva du kan gjere.

Saka stod fyrst på trykk på Framtida.no

Slå av push-varsel
Det aller enklast grepet er å slå av dei evinnelege push-varsla.

Slett appar
For dei som vil gå hakket meir drastisk til verks, er det berre til å setje i gong med å slette appar. Først dei ein ikkje har bruk for, deretter dei ein berre nyttar frå tid til annan.

Få oversikt over mobilbruken
For å redusere mobilbruken, kan det vere lurt å starte med å kartlegge kor mykje du faktisk brukar mobilen. Medan ein tidlegare måtte laste ned appar, slik som «Moment», kan Iphone-brukarar nå gå rett inn på den nye «skjermtid»-funksjonen i innstillingane.

Der får ein oversikt over både kor mykje tid ein bruker, og ikkje minst kva appar ein brukar mest tid på.

Skift ut telefonen med andre dingsar.
Mykje av grunnen til at ein stadig må opp med mobilen, er det store spennet av funksjonar som ein har spekka inn i telefonen. Ein nyttar mobilen som klokke, vekkarklokke og treningsverktøy.