Mange hundar blir brukt som familiehundar, men hundar kan brukast til mykje forskjellig. Den kan være til stor hjelp og kan trenast opp til å utføra diverse oppgåver, som for eksempel, førarhund for blinde, politihund, den kan brukast på jakt, og kan brukast som terapihund for eldre og funksjonshemma. For å utføra desse oppgåvene blir dei spesialtrena, heilt sidan dei er kvalpar.
Det finst veldig mange ulike hunderasar, dei er alle ulike, Nokre er små, andre er store, nokre har kort pels og andre kan lang pels.
Hundar er svært trufaste og har ofte sterke band til eigaren sin. Dette kan hunden visa ved at den blir lei seg når du går i frå den, klynkar og har halen ned. Hunden blir veldig glad når ein kjem heim igjen. Den lograr med halen og klarar nesten ikkje stå stille, for den blir så glad og vil helsa på deg.
Eg likar spesielt godt hunderasen, Soft coated wheaten terrier. Det er denne rasen me har i vår familie. Hunden vår er lysebrun på farge og har mjuk lang pels. Det er ei tispe, som er eit anna ord for jentehund. Hunden vår heiter Nala, ho er veldig glad i kos og er ganske lydig. Me har lært ho nokre triks, som sitt, dekk, bli og gi labb.
Eg er heilt enig i utsegnet; hunden er mennesket sin beste ven.