Fjellfuglar kan kan få trøbbel når klimaet endrar seg. Sidan dei allereie bur langt oppe i fjella, har dei ingen stad å flykte for å finne naturen og klimaet dei er avhengig av, skriv Forskning.no.
Ein ny studie viser no nedgang i europeisk fjellfugl i fleire land, inkludert Noreg, Sverige og Finnland.
Jobbar for å finne svar
– Vi kjenner ikkje fullt ut årsaka til nedgangen. I tillegg til endringar i klima er fjellfuglar påverka av til dømes redusert beitetrykk, seier John Atle Kålås frå NINA. Han har jobba med studien i lag med andre forskarar.
Med “redusert beitretrykk” meiner forskaren at det er færre husdyr som beitar i fjellet. Dette er med på å påverke fuglane.
– Mange av desse artane er trekkfuglar, så påvirkninger utanfor hekkeområda kan også bidra til nedgangen, seier John Atle.