Det er trykt opp 250.000 bøker og har vorte solgt til 20 land. Boka er den mest solgte i Noreg – uansett sjanger.
Handling
Snøsøsteren handlar om Julian som har bursdag på sjølve julaftan. Derfor namnet Julian. Han bur saman med veslesystera, mamma og pappa. Når historien startar er det seks dagar igjen til jul. Men ingenting heime er på stell. Der er alt berre trist. Storesystera, Juni, har nemleg gått bort. Og no er foreldra berre kopiar av seg sjølv. Ingenting er som før.
Ein dag Julian er i symjehallen ser han ei jente som trykker nasen inn mot ruta. Ho heiter Hedvig og dei blir gode venner.
Hedvig er ikkje som nokon andre, og det viser seg at ho har ei hemmelegheit ho skjuler.
Salet på barnebøker veks
Norsk skjønnlitteratur for barn er den einaste kategorien av bøker med vekst i Noreg. Sidan i fjor har salet auka med nesten 14 prosent.
Her kan du bla litt i boka.