Rekorddeltaking på Bokslukarprisen!

Sjetteklassingar i heile Noreg får vere med på å bestemme kva bok som er årets beste barnebok i alderen 10-12 år.

Foreningen !les er dei som arrangerer Bokslukarprisen. Dei fortel at halvvegs i prosjektet er det rekordmange som har kome med tilbakemeldingar på bøkene som er nominert.

– Vi er midt i prosjektet, og fram til no har elevane på 6. trinn publisert nærare 7000 tilbakemeldingar på bøkene dei har lese. Det er 2000 fleire enn på same tid i fjor, kan Troels Posselt fortelje.

Fremme leselyst

Målet med Bokslukarprisen er å fremme lesing og leselyst, og setje fokus på den gode litteraturen som blir gitt ut i aldersgruppa 10-12 år.

35 000 sjetteklassingar er med på kåringa, og skal gi si meining om bøkene. Dei mottok ved skulestart eit utdrag frå ti norske bøker, som skal vurderast.

Dei fem beste bøkene blir deretter superfinalistar. Fem juryklasser får i oppdrag å lese desse bøkene frå perm til perm, før vinnaren blir kåra under Verdas bokdag, 23. april 2018.

Dei nominerte bøkene for 2017 er:

  • Ukjent fare av Jan Tore Noreng (Gyldendal)
  • Lars er LOL av Iben Akerlie (Aschehoug)
  • Verdens verste bursdag av Marius Horn Molaug (Gyldendal)
  • Et hundeliv av Arne Svingen (Gyldendal)
  • Svikta av Bente Bratlund (Mangschou)
  • Egoland av Lars Joachim Grimstad (Aschehoug)
  • Lydighetsprøven av Bjørn Ingvaldsen (Gyldendal)
  • Maretorn av Tone Almhjell (Gyldendal)
  • Ollis av Ingunn Thon (Samlaget)
  • Svart senker natten seg av Aleksander Rolf Kirkwood Brown (Omnipax)

Her kan du lese kommentarar og bokmeldingar på bøkene: www.bokslukerprisen.no