Gir gratis skulegang til barn råka av krig og konflikt

Buddies for Africa er ein liten norsk hjelpeorganisasjon som jobbar for å gi tolv års gratis skulegang til barn i Kongo.

Fakta om Buddies for Africa
  • For ni år sidan bestemte ein kameratgjeng frå Bergen seg for å hjelpe. Dei starta med gi helsehjelp og bygge skular i krigsherja land, men har no fokusert seg på å ordne gratis skulegang til barn som er på flukt frå Krig.
  • I dag gir Buddies tolv års skulegang til 325 barn.

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Jacob Jorem var nyleg i Kongo saman med Buddies. Der møtte han også fredsprisvinnaren, Denis Mukwege, som er veldig positiv til arbeidet dei gjer i landet.

– Mukwege sa at fredsprisen tilhøyrer alle som jobbar for kvinner og barn som er traumatisert av krig, seier Jorem.

– Han var ein utruleg flott og audmjuk mann.

LEGE: Jacob Jorem er lege på Diakonhjemmet i Oslo, men har nyleg vore i Kongo der organisasjonen Buddies jobbar frivillig med å betre forholda for barna.

Borgarkrigen i Kongo

I Kongo er det vanskelege tider. Det kjem av ein nesten samanhengande krig og konflikt i austlege Kongo, sidan folkemordet i Rawanda i 1994. Den politiske uroa i Kongo har fått bensin på bålet etter at president Joseph Kabila i 2016 nekta å gå av, og utsette presidentvalet på ubestemt tid. Under krigen blei mange kvinner tatt til fange, der dei også blei valdtekne. Barna dei fekk etter valdtektene er blandt barna Buddies prøver å hjelpe.

– Desse barna blir utstøytt av familien og samfunnet elles. Dei har ikkje anna val enn å bli gatebarn, om dei ikkje får hjelp, seier Jacob.

DYRE UNIFORMAR: For å gå på skulen må elevane ha uniform. Dette kostar mykje pengar, og mange har ikkje råd utan hjelp. FOTO: Emil W. Breistein /Buddies for Africa

Gir gratis skulegang

Buddies gir derfor gratis skulegang til barna. For å kunne gå på skulen må kvar familie betale ein fast sum kvar månad. Dette er svært dyrt for dei som ikkje har pengar.

– Barna treng pengar til bøker, uniform, sko – ja, alt ein treng for å kunne gå på skulen. Det er dette vi hjelper til med.

– Mor til mitt land

Det er mange rørande augneblikk Jacob har opplevd på reisa til Kongo. Han hugsar spesielt ei jente han møtte.

– Eg skal bli mor til mitt land, sa ho til meg. – Det gløymer eg aldri. Ho vil bli sjukepleiar og mor til sine eigne barn, men også gjere ein jobb for landet sitt.

FOTO: Wikipedia/CC BY-SA 3.9/Claude Tround-Ngoc.

FREDSPRISVINNAR: Legen Denis Mukwege kjem frå Kongo. Han har spesialisert seg på å behandle kvinner som har blitt valdtekne. I 2008 mottok han FNs menneskerettighetspris. 10 desember i år får han Nobels fredspris saman med IS-fangen Nadia Murad.