Flyfakta
- Eit fly (også kalla ein flygemaskin, er eit luftfartøy med faste vengjer, som ikkje kan «stå stille» i lufta slik eit helikopter kan.
- Alle fly har ein fart som blir kalla «steilehastigheit». Ved lågare fart vil ikkje flyet vera i stand til å fly.
- Vengjene nyttar «fartsvinden» til å skape løftekrafta som skal til for å halde maskina i lufta.
- Flyet har motorar som verker på lufta med ei kraft, og samstundes verkar lufta tilbake på flyet med same kraft, og skapar oppdrift. Det betyr at flyet lettar.
(Kjelde: Wikipedia)
LES FAKTALUKK FAKTA
I fjor var det cirka fire milliardar som reiste med fly i heile verda, skriv Verdens beste nyheter. 44 av desse passasjerane omkom i flyulykker. Det har aldri før vore tryggare å flyge enn no.
Biletet er frå verdas fyrste flytur. 17. desember 1903 gjennomførte dei amerikanske brødrene Wright (Wilbur og Orville Wright) historias fyrste bemanna flygning med ei motorisert flygemaskin.